2021 Fjøsutsikt_Karoline Aldis Bjerkeset.jpg
Foto: Karoline Aldis Bjerkeset

Mjølkefjøs i tre med utsyn over fjorden - Gloppen, Vestland

Leidulf og Karoline ynskte å bygge nytt fjøs i tre då dei skulle sette opp ny driftsbygning og utvide produksjonen. Dei ynskte å bygge i tre på grunn av treet sine eigenskapar og av klimaomsyn.

Estetikken ved eit trefjøs var ein god bonus. Planlegginga starta i 2014 og det var ikkje så mange som etterspurde trebygg på dåverande tidspunkt og dei brukte mykje tid på å finne fram til gode løysingar og leverandørar. Dei nytta byggeleiar i prosjektet for å få god flyt i bygginga samstundes som dei kunne halde den daglege drifta i normal gjenge. Dei nytta massivtreelement som gjorde at det berre tok fem månader frå gravemaskina sette grabben i jorda til det var klart for innflytting. Fjøsen er dimensjonert for ein mjølkekvote på 300 000 liter mjølk og har 35 liggebåsar for mjølkekyr. Bygget har gjødselkjellar, ringmur i betong, betongspalt og er bygd i heiltre med massivtreelement (levert av Massiv Lust AS som er nedlagd) med naturleg ventilasjon ved luftegardiner med automatisk styring. Trebruken gjev eit god inneklima for folk og dyr med lys og lite fukt, dempar støy og er praktisk i dagleg drift.

Karoline er godt nøgd med fjøset. Foto: Dirk Kohlmann, SF Vestland

Gard: Hansbruket på Gloppestad, Leidulf Gloppestad og Karoline Bjerkeset. Sandane, Gloppen kommune.

Ferdigstilt: 2016.

Prosjekttype: Landbruksbygg, mjølkefjøs.

 

alt