Saufjøs i tre - Auklandshamn, Vestland

Saufjøs i tre - Auklandshamn, Vestland

Foto: Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland

Nytt grindverksbygg erstattar gammalt – Sveio, Vestland

På ein skala frå 1 til 10 vert det 9, seiar Ole Velde. Han er svært nøgd med det nye sauefjøset.

Når Marryel og Ole skulle byggje nytt fjøs til dei rundt 150 sauane, såg dei på ulike alternativ, også heilt vanlege stål- og betongløysingar. Det tidlegare grindverksbygget skulle erstattast. Byggjeleiinga tok dei sjølve, men fekk gode råd frå rådgjevar i Felleskjøpet. Val av entreprenør var også avgjerande for kva slag bygg dette ville bli. Tore Hundseid-Birkeland er treentusiast og grindverksspesialist. Tømmerstokkane er helst kortreist, frå eigen skog, og heile bygget vert ferdig konsipert og prefabrikkert på sagbruket til Tore.

alt

Ole er tydeleg på at det er viktig å ta klimasmarte val, og at tre bidreg positivt i rekneskapen. Totalt sett er det den rette kombinasjonen av materialar som gjeld. Slitesterk betong i golvet er til dømes eit klokt val for den daglege drifta.

Etter at det nye fjøsgolvet var støypt og lastebilen hadde leverte alle enkeltelementa på garden, vart heile bygget raskt sett opp og gjort innflyttingsklart. Kostnadane vart fullt konkurransedyktige, når bygget kan reisast så rasjonelt som dette, og med kortreiste materialar.

Ole trekk fram at bygget har gode ventilasjons- og lydeigenskapar. Han brukar plastplater den første meteren opp frå golvet, slik at slitasjen vert minst mogleg. Fleksibilitet i bygget er også viktig. Om produksjonen på garden vert endra, må bygget kunne tilpassast.

alt

Gard: Ole og Marryel Velde - Auklandshamn, Sveio kommune, Vestland

Ferdigstilt: 2019

Prosjekttype: Landbruksbygg, sauefjøs